HOVEDUTSTILLINGER

Arne Svalastog, Månedens kunstner april 2007

Søndag 1. april 2007 til mandag 30. april 2007, Telemark Kunstnersenter

Svalastog, foto

Arne Svalastog er fotograf og bur på Gvarv. Svalastog har delteke ved ei rekkje kollektivutstillingar som Haustutstillinga og Sørlandsutstillinga, er innkjøpt av Norsk Kulturråd, og representert i samlingane til Sørlandets Kunstmuseum og Skien Billedgalleri. Han har også hatt gjesteopphald ved Skandinavisk Forening i Roma. Svalastog er i hovudsak
sjølvlært som fotograf, men har eit lengre kurs i dokumentarfotografi ved Nordens Fotoskola i Stockholm.

Om å fotografere seier han at det kan samanliknast med å gå rundt og leite: ”Sjølv leitar eg ofte etter det som ikkje er opplagt, etter det som overraskar, men også etter det eg kan gjenkjenne, som på ein eller annan måte minner om noko”.

Fotografiet som blir presentert i TKS er del av ein større serie frå eit bilopphoggeri. Fleire fotografi finst på heimesida www.svalastog.no.

Vist 187 ganger. Følges av 1 person.

Var du med?

Hvor skjer det?