Torhild Grøstad, månedens kunstner september 2008
”Eg er opptatt av kontraster. For meg inneholder svart- kvitt heile spekteret mellom mørke og lys. Det er ikkje lys utan mørke, og ikkje mørke utan lys. Det heng saman.”
Med kolstift og knettgummi arbeider Torhild Grøstad fram teikningar som spenner mellom alvor og underfundig humor. Med enkle komposisjonar søkjer ho å oppnå ein samanhang mellom innhald og formale verkemiddel.
Torhild Grøstad bur og arbeider i Svartdal i Seljord kommune. Ho arbeider i eit figurativt formspråk, og hentar inspirasjon frå omgjevnadene sine, natur og eige liv. Bileta veks ofte fram i eit langsomt tempo, der store endringar skjer undervegs. Bileta er uttrykk for tilstander og kjensler meir enn ytre skildring.
I dei seinare åra har først og fremst kolteikning vore uttrykksforma hennar. Under utdanninga på Statens Handverk-og Kunstindustriskule og på Statens Kunstakademi i Oslo derimot, vart det eksperimentert med ulike uttrykksmåtar. I akademiperioden hadde ho fleire samarbeidsprosjekt med tvillingsyster si Sigrun og kusina Ellen som òg gjekk på akademiet. Dei laga store skulpturelle innstallasjonar.
I 1986 debuterte Torhild Grøstad på Haustutstillinga og har sidan vore aktiv som både utstillar, scenograf og kunstnerisk konsulent, og ho er for tida styreleiar i BIT. Grøstad har hatt fleire utsmykkingsoppdrag, den siste på det nye Helsesenteret i Seljord kommune. Bileta hennar er innkjøpt av bl. anna Norsk kulturråd, Skien biletgalleri og Telemark fylkeskommune.






